tirsdag 30. juni 2009

Eit snøgt farvel

.
Eit snøgt farvel-
Så står eg att åleine.
Men enno kan eg kjenne
varmen av di hand,
di hand i mi
og augo dine
inni augo mine,
som drog og brann.
Eit stutt farvel.
Alt i meg ropte nei!
Gå ikkje frå meg!
Att stod eg der og kjende
saknadssvepa sveid.
Eg visste det var livet mitt
du reiste med,
men eg stod teiande
og lot det skje.
Slik hender det på ny
kvar dag og stund,
at nokon stengjer
ordet i min munn.
Eit snøgt sekund
som vart eit alltid.
Ein augenblenk
som vart eit ævlig no.
Eg står og ser-
ser etter deg.
Og eg har stått der sidan.
-Jan Magnus Bruheim-

2 kommentarer:

  1. Er dette et bilde du har tatt eller et maleri?? Hvis du har tatt det; få det på lerret, putt på en ramme og heng det på veggen;-)

    SvarSlett
  2. Tusen takk for det, Dan:-)
    Ja, det er et bilde jeg har tatt med mitt eget kamera. Det er forresten et hdr-foto ;-)

    SvarSlett